Den Grøne Fabrikken
Den Grøne Fabrikken ligg heilt i sjøen, i eit historisk og vakkert verkstad- og naustmiljø i Mjøsvågen. Fabrikken vart opprinneleg bygd som ein kisteverkstad på 1880-talet. Idag er bygget restaurert og blir nytta til kunst og kulturopplevingar.