FORENINGSPORTAL Kva skjer på Osterøy?

Hauge Grendaråd

Grendaråd 

Hauge grendaråd starta opp i 2014, og vårt mål er å bevara Hauge som ein god plass å bu inn i framtida. Det skal væra ein stad der folk har lyst til å slå seg ned, til å kalla sin heim, ikkje berre ein stad ein køyrer forbi på veg til Lonevåg, Valestrand eller Bergen. For å nå dette målet snakkar me med politikarane i kommunen om alt frå vegsikring til reguleringsplanar, og prøver i både stort og smått å gjæra ein forskjell for krinsen vår

Haus kulturminnelag

Kultur og kulturvern 

Haus kulturminnelag er eit friviljug lag som skal arbeide for eit bærekraftig, allsidig og naturvenleg friluftsliv, kyrkje- og kulturliv. Laget skal ta vare på kulturminner, kulturlandskap og fremja aktivitet, rekreasjon og folkehelse og er tufta på friviljug innsats. Haus kulturminnelag skal ikkje ha tilsette og skal ikkje ha økonomisk vinning til formål. Som et tiltak for å nå desse målsetjingane vil Haus kulturminnelag arbeide med å bevare og utvikle område kring kyrkja, prestebrua, straumen og prestebustaden med naust, kai og strandsone i samråd og samarbeide med OVF, Bjørgvin bispedømmeråd og andre relevante samarbeidspartnarar.

Hjellvik Småbarnstreff

Forsamlingshus 

Småbarnstreff er et sosialt tilbud for barn 0-6 år i følge med en voksen. Det fungerer i praksis som en åpen barnehage; med aktiviteter, lunsj, lek og sosialt for barn og voksne. Hjellvik småbarnstreff ble startet av noen mammaer som var hjemme med barna, og nå har vi snart 25-års jubileum!  Tilbudet er gratis og du kommer og går som du vil. Velkommen til lek og morro for store og små!

Hosanger Helselag

Helselag 

Hosangerhelselag vart skipa i 2004, og har som formål å arbeida med god folkehelse gjennom å laga til kjekke møteplassar for folk, gje informasjon om mat og helse, og driva med aktivitetar som kan fremja trivsel og gode vanar. Me har eit godt utstyrt trimrom på Hosangerheimen der alle kan verta medlemar, og helselaget leiger ut fem av leilegheitene i Hosangerheimen Bufellesskap til sine medlemar.

Knausane Ungdomslag

Ungdomslag 

Knausane Ungdomslag sitt hovudføremål er å samla innbyggjarane i bygda til meiningsfulle og allsidige fritidsaktivitetar, arbeide og sosialt samkvern. Dette er eit kontinuerleg arbeid som baserer seg på mykje dugnad- og frivilligheitsarbeid. Ungdomslaget er oppteken av at Knausatun skal vere ein allsidig og aktiv samlingsplass for både for lokalbefolkninga og for tilreisande. Ein ynskjer å samle både kultur og idrett, samstundes som ein legg tilrette for utleige til private arrangement.

LOFTÅSMARKA VELFORENING

Velforening 

Loftåsmarka velforeining er stifta av innbyggjarane på Loftås og er etterkvart som feltet har blitt større, avgrensa til Loftåsvegen fram til ballbingen, Loftåslia, Loftåsrinden og Kvernhussvingen. Det er knytt medlemsskap til kvar regulerte tomt og kvar oppretta eigarseksjon i leilighetsanlegg. Velforeininga har som føremål å ivareta medlemene og velområdet sine felles interesser. Velforeininga skal i sitt arbeid arbeide for gode oppvekstvilkår og bumiljø, og bidra til at natur- og miljøomsyn vert teke vare på i utviklinga av området. Velforeininga tar opp, samordnar og gjennomfører tiltak til beste for innbyggjarane og velområdet.

Mjøsdalen I.L

Idrett 

Om Mjøsdalen Idrettslag Mjøsdalen I.L. vart oppretta 22.november 1936. Hovudaktivitet har vore friidrett, men i tillegg til løp på bane er våre medlemar aktive på motbakkeløp, mosjonsløp, trialthon og sykkel. Fokus er på aktivitet og sosialt samvær, men saman med kvalitet på treninsøktene vert dette også ei god oppskrift for å lukkast i konkurransesamanheng. Mjøsdalen I.L. har tradisjonelt sett femna om bygdene Hosanger, Fotlandsvåg, Bysheim og Tysse på Osterøy. Men me har også mange aktive medlemar frå andre krinsar på Osterøy og ikringligjande kommuner. Flaggskipet vårt er sumarkarusellen Holavatnet rundt som har vore arrangert kvart år sidan 1983. Karusellen tek til i april og går kvar onsdag i sumarhalvåret fram til september månad. Dvs ca 20 løp i året. Dei siste åra har me i snitt hatt ca 100 deltakar pr løp.

Osterøy demensforening

Helse og humanitær 

Osterøy demensforening er tilslutta Nasjonalforeningen for folkehelsen, og er drive av frivillige. Formål er å skapa større forståing for personar med demens og pårørande sin situasjon, synleggjera behov og hjelpetilbod, og dele kunnskap.

Osterøy Idrottslag fotballgruppa

Idrett 

Fotballgruppa i Osterøy IL består av om lag 300 betalande medlemmar, kor om lag 200 av desse er aktive. Klubben  har i dag har eit sportsleg tilbod til alle frå 6-årsalderen og heilt fram til seniorfotballen. Me jobbar for å oppnå eit optimalt sportsleg og sosialt tilbod til alle! - Er du interessert? Ta kontakt med klubben på mail post@osteroyil.no eller gjennom dagleg leiar på tlf. +47 908 78 512

Osterøy Idrottslag Turn

Idrett 

Turngruppa i Osterøy IL består av om lag 100 aktive gymnastar. Turngruppa har treningstilbod til born frå 4 år. For meir informasjon, sjekk ut heimesida vår: www.osteroyil.no/turn. Me jobbar for å oppnå eit optimalt sportsleg og sosialt tilbod til alle! Er du interessert? Ta kontakt med klubben på mail post@osteroyil.no

Osterøy Jakt og Fiskelag

Friluftsliv og natur 

Osterøy jeger og fiskarlag tilbyr aktiviteter innen jakt, fiske og friluftsliv med spesiell fokus på å engasjere unge mennesker men våre aktiviteter er for alle. Tilrettelegging for bruk av naturresurser og forvaltning av disse på Osterøy er kjerneområdet til laget.

Osterøy Janitsjar

Musikk 

Osterøy Janitsjar er eit korps for speleglade folk i alle aldrar. Me øver på Osterøy integrerings- og læringssenter (Hauge skule) kvar tysdag kl. 17.45-20.30. Dirigent er Emil Kristoffersen Børø. Leiar er Hilde Horpen. Alle som spelar eller har spelt eit instrument er velkomne til oss! Me kan tilby oppfriskning på alle instrumentgrupper. Korpset består av treblås-, messingblås-, og slagverkinstrument.

Osterøy Seniordans

Senioraktivitet 

Me er ei gruppe med godt vaksne folk som danser om tysdagane i bygdahuset på Grønskaret. Der har me god plass til fleire dansere. Ingen er for ung til å vera med og ingen er for gammel til å vera med, Me prøver å tilpassa tilpassa dansen til dei som møter fram. Ta gjerne kontakt for informasjon. Mvh. Margrethe.

Osterøy Senioruniversitet

Senioraktivitet 

Osterøy senioruniversitet er ein ideell organisasjon basert på individuelt medlemskap som gjennom føredrag, kurs og gruppeverksemd vil presentera utvalde fag og emne utan sikte på å oppnå formell kompetanse.

Osterøy Skulebrass

Kultur 

Musikk - samhald - meistring Osterøy Skulebrass har medlemmar frå heile Osterøy, i alderen 8-19 år. BEGYNNE I SKULEMUSIKKEN? Me har plass til fleire! Å vere aspirant passar godt for dei som skal begynne i 3.klasse og oppover til hausten. Aspirant kan spele blåseinstrument eller trommer.

Osterøy Sogelag

Kultur 

Osterøy sogelag har til føremål å vekkja interesse og skapa skjønsemd for historie og lokalhistoriske tiltak i Osterøy. Det skal arbeida med opplysning og spreiing av kunnskap om vår kulturarv og verna om kulturminne av alle slag.

Valestrand Ungdomslag

Ungdomslag 

Valestrand Ungdomslag består av et styret som tar på seg jobben med å gjennomføre arrangement for bygden og Osterøy folk. Quiz, teater for voksne og barn, livemusikk, julebord og mer. Huset leies også ofte ut til bursdager, bryllup og andre tilstelninger.

Kontakt

Lonevågen 1
5282 Lonevåg

Sosiale media

2024 © Osterøy frivilligsentral