FORENINGSPORTAL Kva skjer på Osterøy?

Osterøy Høgre

Høgre er eit liberalkonservativt parti som set tillit til og respekt for enkelmennesket høgt. Saman vil me byggja eit samfunn prega av tillit, openheit og små forskjellar.

Høgre vil at Osterøy skal vere ein god kommune å leve i og ein attraktiv kommune å busetje seg, arbeide og driva bedrifter i.

Me meiner at det er du sjølv som veit best kva som er rett for deg. Derfor vil Høgre kjempe for retten din til å velja sjølv, og din rett til å vere annleis. Fridom er òg ansvar. Fridom til å velje sjølv vil seie at ein også må ta ansvar for konsekvensane, men samstundes skal alle kjenna på grunnleggjande velferd og tryggleik.

I perioden 2023–2027 har partiet fire representantar i heradsstyret. Du kan bli betre kjent med dei på vår heimeside.

Me møtest på rådhuset kl. 18.00 måndagen før kvart politiske møte. Der diskuterer me både dei sakene som skal handsamast og lokale, regionale eller nasjonale politiske tema, alt etter kva møtedeltakarane ønskjer å løfta til debatt. Stad og tidspunkt for desse møta finn du på vår heimeside. Alle Høgre-vener er velkomne, også dei som enno ikkje er medlemmer!

Kontaktinformasjon

936 49 315‬ / 415 15 940

osteroy.hogre@gmail.com

hoyre.no/osteroy

Hjalti Heimir Gislason

Besøksadresse

Postadresse

 

Andre opplysninger

Org.nummer
922434395

Stiftet dato
01.01.1964

Ant. medlemmer
81

Kategori
Politisk parti

Område
Osterøy

Målgrupper
Senior
Frå 16 år
Vaksne
Unge vaksne

Stikkord
Partipolitiske organisasjoner

Sist oppdatert
22.04.2024

Rediger med kode

Kontakt

Lonevågen 1
5282 Lonevåg

Sosiale media

2024 © Osterøy frivilligsentral