FORENINGSPORTAL Kva skjer på Osterøy?

Tilskot til friluftsaktivitetar på Osterøy i 2025 - Meld inn dykkar aktivitetar!

Osterøy kommune har motteke 75 800,- frå Bergen og omland friluftsråd for å markere Friluftslivets år 2025!

Kjære lag og organisasjonar,

Osterøy kommune har fått 75 800 kr i tilskot av Bergen og Omland friluftsråd for å markere Friluftslivets år 2025! No vil vi fordele desse midlane til frivillige lag og organisasjonar som arrangerer friluftsaktivitetar – både faste aktivitetar og enkeltarrangement.

Korleis få tilskot?

For å melde inn aktivitetar, send e-post med emne «2025/969 Tilskot friluftslivets år» til post@osteroy.kommune.no innan 30. april 2025.

Send inn:

  • Namn på arrangement:
  • Tidspunkt:
  • Stad:
  • Arrangør:
  • Kontaktperson:
  • Målgruppe:
  • Forventa tal deltakarar:

Kva slags aktivitetar kan få tilskot?

Aktivitetane må vere i tråd med fokusområda for Friluftslivets år 2025:

  • Friluftsliv for alle
  • Friluftsliv i nærmiljøet
  • Naturvennleg friluftsliv
  • Friluftsliv og folkehelse
  • Frivilligheit i friluftslivet

NB! Tilskotet kan ikkje brukast til administrasjon eller drift av organisasjonar.

Tilskotssummen vert fordelt på dei aktivitetane som vert meldt inn innan 30. april 2025 og som er i tråd med fokusområda for Friluftslivets år 2025.

Tilskotet vert utbetalt i etterkant av at aktivitetane er registrerte i aktivitetskalenderen til Norsk friluftsliv: Aktivitetskalender - Friluftslivetsar

Få arrangementa synlege her på Osterøy!

Vi anbefalar dykk å registrere aktivitetane i den lokale aktivitetskalenderen vår: Kva skjer på Osterøy? for at fleire på Osterøy skal finne arrangementa dykkar.

Vi ser fram til mange flotte friluftsinitiativ i 2025 og håpar at de grip denne sjansen!

Annen informasjon

Kontakt

Lonevågen 1
5282 Lonevåg

Sosiale media

2025 © Osterøy frivilligsentral