FORENINGSPORTAL Kva skjer på Osterøy?

Invitasjon til opne innspelsmøte for frivilligheita på Osterøy!

I 2024 og 2025 gjer vi eit arbeid med å fornye frivilligpolitisk plan for Osterøy i åra framover. Ein slik plan er forpliktande for administrasjon og politikarar på Osterøy. No kan du sei kva du mein om det å drive med frivillig arbeid på Osterøy!

Vi treng alle innspel i dette arbeidet og dette er frivilligheita sin arena for å komme med smått og stort til arbeidet.

Møta vil vere basert på ei tredeling, der vi vil ha fokus på:

- Status, kvar er vi no

- Utfordringar, kva opplevast vanskeleg og har forbetringspotensiale

- Kva moglegheiter ser vi i lag?

Om du trykker på lenkja under vil du finne invitasjonen slik den er sendt ut til om lag, forbund og andre organisasjonar. Du som ikkje er organisert er også hjerteleg velkommen!

Invitasjon innspelsmøte frivilligheita (1)

Annen informasjon

Kontakt

Lonevågen 1
5282 Lonevåg

Sosiale media

2024 © Osterøy frivilligsentral